Tullepus
Eg heite Tullepus og er ein kosete jentepus som bur hos ein familie som er veldig glad i meg.
Eg er veldig glad i kos og har fast plass på fanget til matmor eller noen andre i familien. Eg elske å bli børsta og like når familien leike med meg inne eller ute.
Eg er ein ivrig og flink musejeger og tar gjerne fangsten med meg inn katteluka. Gjerne i live slik at familien min får prøve seg litt på musejakt.
Dei er ikkje alltid så begeistra når eg kjem inn med mus, men det bryr eg meg ikkje om. Eg har operert korsbånd i begge knærne og etter det like eg ikkje kulde.
Om vinteren kvile eg på varmekabler eller framfor ovnen.
Etter operasjonen sa veterinær at eg var overvektig og måtte gå ned i vekt. Etter det passe familien min alt for godt på at eg ikkje ete for mykje.
Eg mjaue litt om det iblandt, men dei bryr seg visst ikkje om at eg har lyst på meir mat. Eg får masse kos og leik istadenfor.
Eg er ein pratsam pusekatt, og synes eg har eit godt puseliv hos familien min i huset mitt.
About me:
If you want to make changes for your cat, CLICK HERE